This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=3&feed=rss2

Det endelege budsjettvedtaket for fordeling av semesteravgifta vart vedteken i Velferdstinget (VT) måndag. BSI, som fekk innstilt eitt beløp på 500.000 kroner 1. november, enda til slutt opp på 650.000. Sjølv om dette var 40.000 mindre enn det vart søkt om, var Torstein Monsen i BSI middels nøgd etter det sju og ein halv time lange møtet. Tidlegare har BSTV sett søkelys på Sindre Dueland, medlem i budsjettkomiteen, sin habilitet i handsaminga av BSI sine budsjettmidlar. Dueland har tidlegare vore leiar i BSI, og Monsen trur dette har vore utslagsgjevande for årets budsjettfordeling.

På innstillingsmøtet 1. november innvilga budsjettkomiteen 4,5 millionar av semesteravgifta til dei ulike studentorganisasjonane knytt til SiB. På møtet måndag vart denne summen heva til om lag 4,7 millionar. Slik ser budsjettet for 2011 ut for eitt utval studentorganisasjonar i Bergen:

Bergenstudentenes Allianseidrettslag (BSI): 650.000

Studvest: 811.000

Bergen Student-TV (BSTV): 176.000

Studentradioen i Bergen (Srib): 645.000

NHH-idrett: 150.000

Sjå også: Gjemmer vekk en halv million

Sjå også: Usemje rundt budsjettinnstilling

Sjå også: 190.000 kroner ryker for BSI

Kommentarer