This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=3&feed=rss2

Då Velferdstinget (VT) sin budsjettkomite la fram innstilling til fordeling av semesteravgifta førre veke, kom det fram at Bergenstudentenes Allianseidrettslag (BSI)  kan venta seg eitt kutt på 190.000 kroner. I dei tre føregåande åra har idrettslaget fått ei tildeling på 690.000, men no ser det ut til at denne summen kan verta seinka monaleg.

Leiar i BSI, Torstein Monsen, stiller seg uforståande til VT sin innstilling. Budsjettkomiteen meiner derimot at det ikkje ser ut til at BSI har eitt reelt behov for same sum som tidlegare år, og legg til grunn at det har vore manglande grunngjeving i prosessen frå BSI si side.

Sjå også: 190 000 kroner ryker for BSI

Kommentarer