Sidan oppstarten i 2000 har Kaizers Orchestra hatt ein enorm suksess. Vokalist Janove Ottesen og gitarist Geir Zahl starta eit band på 80-, 90-talet, men det var under studietida i Bergen at dei oppretta Kaizers Orchestra. Bandet tok Norge med storm, og har hatt enorm suksess i både inn- og utland.
Låtane til Kaizers Orchestra er på jærsk, men appellera framleis til utanlandsk publikum. Dei to grunnleggarane seier at dette er grunna den unike musikken og uttrykket deira. Janove og Geir seier vidare at dei elskar fansen, men er meir interessert i å bli kjend med dei enn at dei skal tatovere seg med Kaizers symbol.
Kaizers Orchestra er i full gang med avslutningsturne, men kan avsløre at dei er i gang med å lage ein musikal basert på Violeta-trilogien.