This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Heile 21% av Noregs studentar er uten forsikring. Dette ønska Norsk Studentunion i 2006 å gjere noko med. I samarbeid med forsikringsagentane BAFO tilbyr dei no ein rimeleg forsikring til alle medlemer av NSU. Samanlikna med til dømes TrygVestas tilsvarande forsikringspakke kostar NSU sitt tilbod kring halvparten. Til tross for dette er det få som har tatt i bruk tilbodet.Universitas skreiv om saka i 2007. Då hadde 115 studentar teikna forsikring. Tre år etterpå er framleis ikkje tala særleg høge.