This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Tirsdag 25. september blei det på vegne av Forskningsdagene i Bergen arrangert debatt omhandlande plast på Bergen Offentlige Bibliotek. Der kom det blant anna fram at Bergen er ein av dei dårlegaste kommunane på landsbasis til å sortere plast.

Tiltaksplan og forskingsprosjekt

Julie Andersland er byråd for klima, kultur og næring. Ho fortel at Bergen kommune har mange prosjekt på gang for å betre situasjonen.

– Vi har ein eigen tiltaksplan mot plast og marin forsøpling der vi samarbeider med næringslivet og innovasjonsmiljøa i Bergen i håp om å finne nye og smarte løysingar på problemet, fortel Andersland.

I Vågen har kommunen saman med Uni Research og Bergen havn satt ut «Slurpen» som er ein avfallsoppsamlar der alt av avfall samlast opp og analyserast. Her kan ein innhente informasjon som gjev svar på om avfallet kjem frå privatpersonar eller bedrifter. Kommunen er også i gang med eit forskingsprosjekt der dei analyserer plastpartiklar for å finne ut kvar dei kjem frå.

– Vi ynskjer å redusere mest mogeleg plast. For å få til dette, må folk kaste mindre, og gjerne kjøpe ting som varer lengre slik at vi unngår unødvendig avfall. Vi ynskjer også at folk skal resirkulere og gjenbruke mest mogeleg slik at det går minst mogeleg til deponering og forbrenning, seier byråden.

Ikkje berre negativt

Marte Haave er forskar ved NORCE. Ho informerer om at plast også kan være positivt.

– Plast er lett, sterk og anvendeleg, og kan dermed formast til mange forskjellige produkt. Ein positiv fordel med plast er at emballasje og innpakning blir lettare og transportutgifter går dermed ned, noko som resulterer i minsking av CO2 utslepp. Plast fungerer også supert til hygieniske eingongsprodukt på sjukehus og i forsking, og kan dermed bidra til å redde liv, forklarer forskaren.

Sjølv om det finnast positive sider ved plasten, er Haave klar på at vi står ovanfor eit stort miljøproblem der det må skje ei endring.

– Vi som forbrukarar bør tenke på at den plasten som vi kjøper ikkje må komme på avvege i naturen. Vi bør også forsøke å redusere forbruket av plast ved å kjøpe mindre plastprodukt og tenke over eige forbruk, seier Haave.

Studentar og resirkulering

Sjølv om studentane verkar å være opptatt av både klima og miljø, er det ikkje alle som resirkulerer alt av avfall.

– Eg sorterer restavfall og papir, men eg er ikkje så flink til å resirkulere plast, seier Aysel.

Studentane Rolf og Ole Martin innrømmer også at dei ikkje er særleg flinke til å resirkulere, men kompisane meiner likevel det er viktig å være miljøbevisste og tenke framtidsretta.

– Vi må jo tenke på neste generasjons forbrukarar som også skal ha eit liv på denne jorda, poengterer Ole Martin.

 

Kommentarer