This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

«SHoT-undersøkelsen 2018: Helt ærlig» er eit samarbeidsprosjekt mellom studentsamskipnadane SiO, Sammen og SiT, utført av Folkehelseinstituttet. Målet er å belyse psykososiale forhold og korleis desse påverkar studiesituasjonen og kvardagen. Undersøkinga blir gjennomført kvart fjerde år, og tal frå 2014 viste at kvar femte student opplevde alvorlege psykiske plager.

Lavterskeltilbod

Marita Monsen, kommunikasjonssjef i Sammen, kan informere om at samskipnaden tilbyr eigne rådgivarar, gratis psykolog og tilbod om behandling. Ho håpar at undersøkinga kan bidra til at studentar skal kunne snakke meir opent om psykisk helse, og ta kontakt dersom det skulle være nødvendig.

— Alle kan oppleve å ha det vanskeleg, og då er det viktig å kunne ha nokon å snakke med. Det å ha psykiske problem er framleis eit tabu-belagt tema, og eg trur undersøkinga vil bidra til å gjere det mindre skummelt å opne seg om at ein har det vanskeleg, seier Monsen.

Sammen ynskjer å kunne tilby stadig fleire lavterskeltilbod, og Monsen oppfordrar dermed studentane til å svare på undersøkinga.

— Resultatet av undersøkinga vil gje oss ei rettesnor på korleis vi skal rigge oss for framtida for å kunne tilby eit stadig betre helsetilbod til studentane, seier ho.

Prioritering av psykisk helse

Leiar av Velferdstinget Vest, Mia Milde, kan fortelje at Velferdstinget mottok ein halv million kroner frå Bergen kommune i 2018 som skal brukast til blant anna å forbetre den psykiske helsetenesta. Ho understreker at det å jobbe for å betre psykisk helse blant studentar er særs viktig for organisasjonen. I fjor vedtok Velferdstinget at Helsefondet skulle endrast. Legestøtta forsvann, medan psykologtilbodet blei gratis.

— Behovet for psykisk helsehjelp er stort blant studentar, og vi har dermed vald å satse på dette området, forklarer Milde.

Vidare kan ho fortelje at det har vore vanskeleg å engasjere studentane til å gjennomføre undersøkinga, og at det kun er omlag 15% som har tatt seg tid til å svare.

— Det er ikkje så lett å selje eit såpass tungt tema, men vi jobbar tett med samskipnaden og utdanningsinstitusjonane for å vidareformidle informasjonen til et stadig større publikum, seier Milde.

Kommentarer