This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Oktober er blitt Noreg sin rosa månad der ein støttar forsking på brystkreft gjennom Rosa sløyfe-aksjonen. Men sidan 2003 har konseptet Movember flytta fokus også over på menn si helse, og då særlig prostatakreft. Menn over heile verda blir oppfordra til å la barten gro gjennom heile november, og på den måten setje fokus, og kanskje også samle inn nokre kroner til kreftforeininga.

Ved Norges Kreative Fagskole (NKF) i Bergen har dei dratt engasjementet eit steg vidare. På grunn av svært engasjerte studentar, har skulen bestemt seg for å donere 100 kr per bart til kreftforeininga. Gjennom Aksjon Bart er målet i første omgang å få 100 unike bartebilete, men dei tek i mot så mange som mogleg. Kven som helst kan vere med, ikkje berre studentar ved NKF.

Du kan delta ved å sende eit bilete av barten din på mail til aksjonbart@yahoo.no eller ved å legge ut eit bilete av barten på Instagram og tagge @aksjonbart i biletet.

Studentane meiner sjølv at det har ei nytte å gå rundt som levande reklameplakatar for Movember. Konklusjonen dei dreg er at barteveksten ikkje treng å vere så stor, det viktigaste er å vise at ein bryr seg.

Kommentarer