This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

I år feirer Nattjazz 40-årsjubileum, og dermed passa det bra med ein liten vri på årets festival. Nytt av året er at Nattjazz flyttar ut av det oppussingsprega Verftet og inn i bymiljøet i Bergen.

Festivalen som er eit utstillingsvindauge for ny musikk, blir i år endå synlegare for folk flest når heile Vågsbunnen vert omgjort til festivalområde.

Festivalsjef Jon Skjerdal meinar at menneske som ikkje ville tenkt på å gå på festivalen tidligare vil gjere det i år, nettopp fordi den kjem til å gå føre seg i gatene rundt oss.

– Store delar av Bergen sentrum kjem til å få med seg utekonsertane, seier Skjerdal, utan at det er noko negativt med det.

– Studentar som les til eksamen får lese på dagane å gå på Nattjazz på kveldane, meiner festivalsjefen.

Og om Real Ones og dei andre banda som skal spele oss inn i sommarkvelden fristar deg, medan studielånet kanskje ikkje strekk til, sjølv med studentrabattar, har du framleis sjansen til å melde deg som frivillig på Nattjazz si internettside.

Kommentarer