This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

– Man må forplikte seg til en del rutiner, seier motivasjonspyskolog Åge Diseth når det kjem til eksamenslesing.

Mange studentar håpar nemleg på å få A på eksamen. Dei mest strukturerte makter å lese jamt og trutt gjennom heile semesteret, og dei legg gjerne opp ein plan for å komme gjennom stoffet. Men Diseth er klar over at det er urealistisk at alle studentar alltid skal ha lyst til å studere.

Eit tips er å gjere studiekvardagen interessant i seg sjølv, ved å velje studieaktivitetar som ein likar. Og sjølv om toppkarakteren kanskje kjennes uoppnåeleg, så trøyster Diseth med at ein iallefall alltid kan forbetre seg ved å studere meir.

Om bøkene ikkje har vore velbrukte dette semesteret, men draumen om A framleis lever, så har du endå litt tid. Og som Diseth peikar på, har ein iallefall ikkje tid til å gå lei av stoffet om ein startar lesinga først no.

Kommentarer