This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Monstereo er eit av mange små, endå relativt ukjente band frå Bergen. Dei fire studentane, Ola Utaaker Segadal, Øyvind Aase Fluge (ikkje til stades under intervjuet), Jørgen Stangeland Bach og Jon Bolstad, starta å spele saman for litt over eit år sidan. Sjølv om dei ikkje trur dei kjem til å bli rockestjerner, så håper dei på platekontrakt og draumer om å få ein bookingansvarlig.

Monstereo spelar indie/psykedelia rock, men ønskjer at musikken skal få snakke for seg sjølv, i staden for å bli sett i bås. Det instrumentale er det viktigaste i musikken deira, likevel har Ola også tatt på seg rolla som vokalist. Han hadde ikkje sunge mykje frå før av, og var dermed ganske nervøs første gang han skulle opne munnen på scena.

Denne våren skal gutane spele på den største rockekonserten i Kina, og til hausten gir dei ut ein EP. Om det ikkje blir rockestjerner av dei, så kjem nok iallefall mange fleire til å få augene opp for bandet i det kommande året.

 

Kommentarer