This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Våren kjem tideleg i år og pollenallergikarar gremmer seg.

“Start i tide, altså når man begynner å kjenne litt symptomer” seier lege Shagun Bhatia. Ho oppmodar studentar til å få seg fastlege i Bergen og bestille time før plagene slår inn for fullt

Heldigvis finst det mange behandlingsalternativ å velje mellom. I tillegg til uteljelege merker med tablettar, finst det mange nye nasesprayar på marknaden. For dei som er hardare ramme kan ei løysing vere ei innsprøyting av Kortison som skal gjelde for heile sesongen. Dei som verkeleg er ekstremt plaga kan prøve ei vaksine som må takast jamnleg over ein periode på tre til fem år.

Studentar som er så sterkt plaga at det i stor grad går utover studiekvardagen, kan søkje om tilrettelegging til eksamen, til dømes ved å få utvida tid. Ved UiB må ein gjere dette minst ein månad før eksamen, men ein blir oppfordra til å ordne det så raskt som mogleg.

Innklippsbileta av pollen er henta frå utstillinga Pollen-så lite-så stort som i desse dagar er å finne på De naturhistoriske samlinger.

Kommentarer