This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Mange Humanistiske fakultet rundt om landet slit med økonomi og rekruttering. Dette resultera i at mange fag og emner står i fare for å bli nedlagt, stillingar blir kutta og professorar som går av med pensjon vert ikkje erstatta.

HF i Bergen har overvunne den økonomiske krisa som var for nokre år sidan. Det er ingen fag som står i fare for å forsvinne, men også her blir det truleg kutt i bemanninga.

Planen fram mot 2015 er ein reduksjon på 5- 10 stillingar, men dette er avhengig av den økonomiske utviklinga for fakultetet. Kor kutta blir gjort beror på studentgrunnlaget i faga. På same tid har stipendiatstillingar ved HF blitt tidobla dei siste tiåra.

Kommentarer