This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Hausten 2011 vart ei ny omsetjing av Bibelen gitt ut. 33 år etter forrige revisjon har eit samarbeid mellom bibelekspertar og forfattarar resultert i den nye utgåva. 17000 ord er kutta og språket er gjort meir presist, samstundes som biletspråket har vorte rikare og det framandkulturelle er framheva. Til dømes ligg Jesus til bords i staden for å sitje slik dei faktisk gjorde i festlige lag på den tida.

Omsetjinga er i hovudsak meint for nye generasjonar lesarar som skal kunne kjenne seg igjen i språket. Av studentane BSTV har snakka med viser det seg likevel at det er studentar som allereie har eit forhold til den eldre utgåva av Bibelen som er interessert i å lese den nye.

Kommentarer