This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=3&feed=rss2

K7 Bulletin vil etter 15 år med tomt prat endeleg få ut si eiga nettavis. Per dags dato er avisa kun tilgjengeleg i PDF-form på internett. Gjennom det komande året vil dei etablere ei levande nettavis med både videoreportasjar, satire og nyhendeartiklar.

Ikkje tilgjengeleg nok
Styreleiar og ansvarleg redaktør, Hogne Ulla, viser til at K7 Bulletin ikkje har vore tilgjengeleg nok på andre plattformer enn papir. Medan både Studvest og Universitas har både ei levande nettside, twitter-profil og facebook-side, har K7 Bulletin kun etablert seg i papirform. Han meinar at ein må synleggjere seg på fleire plattformer for å nå ut til ein større publikumsmasse.

– Facebook-sida har ikkje vore aktiv sidan hausten 2010, så på sosiale medier kan vi seiast å vere ein dinosaur. Men no er vi ein dinosaur med visjonar, seier Ulla.

 

– Slutt på russeavis
I tillegg til etablering på internett, vil dei også arbeide for å riste av seg russeavis-stempelet. Dei vil nytte byrjinga av det komande året til å legge ein strategi for å gjere innhaldet rikt for både HiB, UiB og studentar ved dei andre institusjonane i Bergen.

– Nivået på innhaldet både i avis og på nett må hevast, slik vi gjer oss relevante for fleire enn kun studentane ved NHH, fortel Ulla.

 

Høge ambisjonar
Dei vil inngå samarbeid med K7 minutter for å få videoreportasjar på den komande nettsida. Dei har også tru på at den kan utfordre storebror Studvest si nettside om eit års tid.

– Viss ikkje Studvest hiv seg rundt, så kan eg love at kanskje om eit års tid, har vi gått forbi dei, seier den sjølvsikre K7-redaktøren.

 

Føler seg ikkje trua
Redaktør ved Studvest, Anders Jakobsen trur ikkje K7-Bulletin kan utfordre deira rolle som den største studentavisa i Bergen. Han trur at K7-Bulletin vil få det vanskeleg med å finne gode saker ved dei andre utdanningsinstiusjonane grunna ein redaksjon som hovudsakleg består av NHH-studentar. Han legg likevel til at auka konkurranse kan betre både nettavis og papiravis for begge partar.

 

 

Kommentarer