This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=3&feed=rss2

Kvarteret vart den store budsjettaparen, med ei innstilling på 0 kr frå Budsjettkomiteen i Velferdstinget.

Årets innstilling til Velferdstinget si fordeling av semesteravgifta, gav lite rom for auka tilskot til studentorganisasjonane.

Kvarteret søkte i år for fyrste gong, og var skuffa over at budsjettkomiteen ikkje ville avsjå ei krone til samlingsstaden for studentane. Dei har fleire prosjekt på gong, og treng også midlar til vedlikehald av lokala. Den totale søkesummen var på 580 000kr.

Den totale ramma budsjettkomiteen har forhalde seg til er 4 694 000 kr. Dette førte til kutt for fleire organisasjonar.

 

Ville gått utover andre organisasjonar

Leiar i budsjettkomiteen Ole Magnus A. Ørsnes seier at det ikkje var hensiktsmessig å innstille summen som Kvarteret søkte om, då det ville gått hardt utover dei andre organisasjonane.

– Eg håpar også på at dei andre organisasjonane kan avsjå noko midlar til Kvarteret under budsjettmøtet 15.oktober, seier han. Han legg også til at Kvarteret gjerne må søke på nytt neste år.

Dagleg leiar ved Kvarteret, Sigrid Jangaard Strand, er skuffa og meinar at store prosjekt er ingen grunn til å ikkje gje dei noko midler i det heile tatt.

 

Innstillinga frå budsjettkomiteen:

Bergen Liberale Studenter
Søknadssum: 13 000 kr
Innstilt 2012: 7000 kr

BSI
Søknadssum: 950 000 kr
Innstilt 2012: 650 000 kr

BSTV
Søknadssum: 201 900 kr
Innstilt 2012: 182 000 kr

HiBi
Søknadssum: 30 000 kr
Innstilt 2012: 20 000 kr

Jussformidlingen
Søknadssum: 150 000 kr
Innstilt 2012: 140 000 kr

K7 Bulletin
Søknadssum: 230 000 kr
Innstilt 2012: 140 000 kr

Kulturstyret
Søknadssum: 1 360 000 kr
Innstilt 2012: 1 300 000 kr

Kvarteret
Søknadssum: 580 000 kr
Innstilt 2012: 0 kr

NHHI
Søknadssum: 200 000 kr
Innstilt 2012: 150 000 kr

Studentersamfunnet
Søknadssum: 15 000 kr
Innstilt 2012: 5 000 kr

Studentradioen
Søknadssum: 682 000 kr
Innstilt 2012: 675 000 kr

Studvest
Søknadssum: 988 744 kr
Innstilt 2012: 811 000 kr

 

Kommentarer