This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Bergen Student – TV fekk vere med på omvisning i lokala til det komande Litteraturhuset i Østre Skostredet. Det store bygget på heile fire etasjar skal blant anna huse ein kafé som skal servere heimelaga mat, bokbutikk, peistove, skriveloft, fire møterom og eit auditorium som kan romme opptil 130 menneske. Leiaren for Litteraturhuset, Kristin Helle – Valle, håpar at Skrivekunstakademiet og Forfattarsentrum også blir ein del av huset.

– Litteraturhuset vil vere ein rimleg og tilgjengleg plass der folk får bruke lokala til diverse arrangement, til dømes debattar og foredrag, eller berre komme for å slappe av med laptop og bøker, forklarer Helle-Valle. Ho understrekar at ho ynskjer at studentane i Bergen kjem til å nytta tilboda.

Litteraturhuset fekk ingen støtte frå neste års Statsbudsjett, men dette hindrar ikkje planane framover. Leiaren har eit sterkt ynskje om at opninga skjer ved neste års forfattarslepp.

Kommentarer