Hans-Erik Dyvik Husby er for dei aller fleste mest kjend som Hank von Helvete, vokalist i eks-gruppa Turboneger, men no spelar Husby på andre strengar. Tidlegare har han hatt hovudrolla i musikalen Jesus Christ Superstar og i filmen om den svenske musikklegenda Cornelis Vreeswijk.
Husby er også ute med plata I ljuset av Cornelis, der Jack Vreeswijk- Cornelis sin son, har produsert fleire av spora. I forbindelse med plata har han akkurat fullført ein aldri så liten Norgesturnè, og på scena får ein sjå Husby i ei heilt anna rolle enn det vi er van med.