I haust byrja Sammen Trening Studentsenteret med ein ny gruppetime kalla Suppama HIIT, som utfordrar både balanse, styrke og kondisjon.
Spanande og utfordrande treningsform
Benjamin Aasen er instruktør ved Sammen Trening. Han hevdar bassengtrening passar folk i alle aldrar.
– Under Suppama-timen jobbar vi på eit brett i bassenget. Her gjennomfører vi diverse intervallar som aktiverer heile kroppen, især kjernemuskulaturen. Det er også svært høg intensitet der vi køyrer øvingar som får opp pulsen, forklarer instruktøren.
Hans første møte med Suppama HIIT var både kjekt og utfordrande.
– Første gang eg prøvde konseptet, sleit eg med balansen. Etter eit par gongar blir kroppen vant til belastninga, forklarer Aasen.
Sammen byrja med gruppetimen i september, og har sidan merka stor interesse for treningsforma. Dei plukka opp konseptet på YouTube og tok deretter kontakt med Suppama.
– Eg anbefaler alle å prøve ut Suppama- det er kjempekjekt! seier Aasen.
– Ny giv til kvardagen
Julianne Fuske og Tina Emilie Lee Lange er deltakarar på timen. Jentene har deltatt nokre få gongar før, og seier dei kjem til å halde fram med å gå på timen.
– Vi prøver å reise hit kvar torsdag, påpeikar Julianne.
Verken Fuske eller Lee Lange hadde erfaring med bassengtrening før dei byrja med Suppama. Dei slår fast at dei merkar forskjell på kroppen etter berre nokre få økter.
– Eg oppnår ein sterkare kjernemuskulatur og får betre balanse, seier Tina Emilie Lee Lange.
Ikkje av interesse
Bstv var i kontakt med både SATS ELIXIA og AdO Arena om mogelegheiter for å kunne tilby Suppama til deira kundar. Verken SATS eller AdO kan per dags dato tilby denne typen trening.
– Vi har kun et senter der vi tilbyr trening i vann og det er begrenset med timer siden det er mange gjester som ønsker å bade/svømme. Vi har testet Suppama HIIT og vurdert at vi ikke tar inn dette i første omgang, skriv Randi S Christensen Solberg, GX manager i SATS ELIXIA.
AdO tilbyr allereie ulike former for Aquagym, men har enn så lenge ikkje Suppama på sitt program.
– Vi tilbyr SUP- yoga og basistrening på brett til våre kunder, skriv Marita Lund-Fridell, leiar for kurs og utdanning ved AdO arena.