This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Ein ungdomsundersøking gjennomført i Tromsø viser at ungdom og unge vaksne manglar nødvendig kunnskap om korleis å oppretthalde ein sunn livsstil etter å ha flytta heimanfrå.

Fråflytting og manglande kunnskap 

Anne-Sofie Sand er forskar ved det helsevitskaplege fakultetet ved Universitetet i Tromsø, og har gjennomført ulike studie omhandlande ungdom og livsstil. Sand hevdar det er to hovudfaktorar som spelar inn på at ungdom og unge vaksne ofte ender opp med å ta usunne livsstilsval. Det eine er manglande kunnskap om ein sunn livsstil, og det andre er fråflytting frå barndomsheimen.

– Denne overgangen kan vere ein vanskeleg fase i livet. Unge erfarer ofte at det kan vere utfordrande å overta ansvaret for eigen helse og kosthald. Forskning viser også at det er ganske vanleg å leggje på seg det første året ein flytter heimanfrå, seier ho.

Sand forklarer vidare at det også kan vere kostnadskrevjande som student å gå til innkjøp av sunn mat samt vere medlem av ein idrettsklubb eller eit helsestudio. Ho meiner likevel at det er viktig å vere bevisst på dei vala ein tar og korleis dette kan påverke eigen helse og livsstil.

– Det skal ikkje så veldig mykje til å lage god og sunn mat sjølv. Dersom ein sett av litt tid til matlaginga, unngår ein å måtte springe innom bensinstasjonen for å kjøpe fastfood, seier Sand.

– Dagleg aktivitet må ikkje undervurderast

Tony Tilrem er personleg trenar og kosthaldsvegledar ved Bergen PT Senter. Han kan fortelje at stillesitting er eit stort problem i dagens samfunn, og poengterer viktigheita av fysisk aktivitet i kvardagen. Han meiner fysisk aktivitet med moderat intensitet er vegen å gå.

– Vi trener og et sunt fordi vi ønsker å oppnå høg livskvalitet og forebygge sjukdom. Når vi er unge legg vi grunnlaget for eige liv, og det er difor viktig å starte med gode rutinar tidleg, seier Tilrem.

Han understrekar at det å ete sunt samt sove nok er svært viktig for å ta vare på eigen kropp.

Ynskjer å lære meir

Studentane meiner dei har kunnskap om sunn livsstil, men ynskjer å lære meir.

– Eg kan ikkje så veldig mykje, men eg lærer noko nytt heile tida, seier studenten Cecilia.

Ho fortel vidare at ho ser fordelande ved å tenke over eigen livsstil, og har god erfaring med det å være fysisk aktiv.

– Det er viktig for meg å vere sunn fordi eg føler meg bra når eg trener og et bra. Det gjer også at eg klarer å konsentrere meg meir i forelesningane, forklarer studenten.

Kommentarer