This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Jump for Joy er ein gruppetime som består av effektiv kondisjonstrening på trampoline der over 400 musklar er i bruk under ei økt. Stamina var det første senteret i Noreg til å tilby trampolinetrening med sertifiserte instruktørar.

John Jonasdal er instruktør og personleg trenar ved senteret, og seier at trampolinetrening er ein effektiv treningsform som kan passe for alle, med unntak av gravide og personar med pacemaker.

– Denne treningsformen er svært skånsom for både knær og rygg fordi vi hopper på et såpass mykt underlag, forklarer instruktøren.

Morosam og annleis kondisjonstime

Stamina plukka opp konseptet frå ein gründer i Tyskland, og valde deretter å innføre treningsforma på tre av sine senter; Stamina Åsane, Danmarksplass og Mjøndalen. Heilt sidan oppstartstimen på Danmarksplass den 18. oktober i fjor, har «Jump for Joy» vore fullbooka og senteret har merka stor pågang og interesse for timen.

– Responsen har vært utelukkende positiv, og vi har hatt fulle timer stort sett hver eneste gang, seier Jonasdal.

Ewa Gawryjolek er ein av gjengangarane på gruppetimen, og har vore med sidan byrjinga. Sjølv er ho ikkje særleg glad i kondisjonstrening, men seier at Jump for Joy har vore redninga.

– Dette er min form for kondisjonstrening, og eg elskar det, understrekar polakken.

Oppfordrar studentane

Stacy Douglas er gruppetreningsansvarleg ved Sammen trening Studentsenteret og Vektertorget, og foreslo allereie i 2003 trampolinetrening som saltime. På den tida var det ingen andre i Noreg som tilbydde denne typen trening, og Douglas hevdar ho er misunneleg på Stamina som fekk gleda av å vere den første kjeda i Noreg til å ha dette tilbodet.

Ho seier at det på grunn av plassmangel ikkje har vore mogeleg for Sammen å tilby denne typen trening til sine kundar. Douglas trur trampolinetrening har komme for å bli, og kjem med ei klar oppfordring til studentane

– Jeg foreslår at alle studentene ber om trampolinetrening slik at vi etter hvert kan tilby dette på våre senter, seier Douglas.

Kommentarer