This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Dei nyaste klokkene på markedet, også kalla for smartklokker, blir stadig meir vanleg blant studentane. Klokkene har ei rekke funksjonar, og no har blant anna Universiteta i Oslo og Stavanger bestemt seg for å innføre forbud mot bruk av alle typar klokker under eksamen. Det var Universitas som først omtalte saken. Bakgrunnen er at smartklokkene gir studentane moglegheiter for å jukse, og at det er vanskeleg å skilja mellom dei vanlege og dei smarte klokkene.

BSTV har spurd kommunikasjonsjef hjå Eplehuset Norge, Hallvard Opheim, korleis ein kan bruke klokkene til å blant anna jukse på eksamen.

– Det mest openberre vil jo vere å ha med seg notatar gjennom ulike notat-applikasjonar. Vidare finnast det sjølvsagt app’ar og funksjoner for å kunne sende og motta meldingar.

Men for å kunne nytte kommunikasjonsappane er ein avhengig av telefonen sin.

– For kommunikasjon ut er Apple Watch avhengig av å vere innafor Bluetooth-rekkevidde til eigarens iPhone, sida klokka i seg sjølv ikkje har mobildata eller wifi, presiserer Opheim.

Eit ukontroversielt tiltak

Kommunikasjonssjefen til Eplehuset Norge ser ingen grunn for at nokon skal trenge ei smartklokke på eksamen, og meinar at forbudet er bra for eksamensavviklinga.

– Generelt er det jo ingen grunn til at man skal trenge verken telefon eller klokke under den korte tida ein eksamen tross alt varer, så om dette tiltaket kan forhindre juks som i ytterste konsekvens gir feil grunnlag for bedømmelse av studentens faktiske kunnskap og ferdigheiter, meiner vi det er eit ganske ukontroversielt tiltak, seier Opheim.

UiB stolar på studentane sine

Sjølv om fleire av dei andre universiteta har valt å innføre forbud mot å bruke klokke på eksamen, har UiB foreløpig ikkje sett nokon grunn til å følge etter, kan viserektor for utdanning, Oddrun Samdal fortelje.

– Så langt så har ikkje vi konkret diskutert at vi skal forby klokker på eksamen […] Vi har eit forbud mot mobiltelefonar, og det er der saken vår står i dag, seier Samdal.

Viserektoren for utdanning ser heller ingen grunn til å frykte at studentar vil bruke smartklokker til å jukse på eksamen.

– Eg gjer ikkje det, og eg tenkar, eller eg veit at det er mogleg å ha ein dialog via slike klokker, men eg legger til grunn at det ikkje brukes aktivt frå studentane si side, seier viserektor Samdal.

Kommentarer