This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

I følge Folkehelserapporten frå 2014 har alkoholforbruket i Norge aukt med 40% dei siste 20 åra. Likevel ser ein at kvinner og eldre drikk meir, mens yngre drikk mindre. Studentersamfunnet i Bergen inviterte torsdag til debatt om alkoholkulturen i Norge.

– Me har ein flatfyllekultur, seier samfunnsdebattant Aksel Braanen Sterri om drikkekulturen i Norge.

Saman med stortingsrepresentant frå FRP Morten Wold og dagleg leiar i IOGT Norge Cecilie Widnes møtte Sterri til debatt på Kvarteret torsdag kveld. Alle var einige om at det er ein usunn drikkekultur i Noreg, og at studentane er dei som drikk mest.

– Det er mykje helgefyll

Daniel Nilsen og Magnus Nytun, begge studentar ved UiB, kan sjå seg einige i at nordmenn har ein usunn drikkekultur, men er usikre på kva som skal til for å få til haldningsendringar.

– Det er ikkje så mykje leverproblemer då, fortel Magnus Nytun. Han er usikker på om ein eigentleg treng endre drikkekulturen i Norge.

Daniel Nilsen meiner det kan vera ein usunn drikkekultur blant studentane då det er vanleg å drikke både torsdag, fredag og laurdag. Han meiner det hadde vore betre om ein hadde fordelt alkoholkonsumet litt utover veka, slik at ein ikkje drakk så mykje når ein fyrst drakk.

Kreative handlingsforslag

Aksel Sterri meiner at Norge treng nye, kreative handlingsforslag for å kunne endre flatfyllekulturen. Han nemnte blandt anna moglegheita for at utestadar kan ha ulik stengetid, slik at ikkje alle går heim på same tid, noko som ofte fører til vald og konflikt i taxi- eller matkøar. Likevel meiner Sterri at det viktigaste vil vera å auke avgiftene på alkohol.

– Om du aukar avgiftene, så reduseres konsumet, fortel Sterri.

FRP-politikar Morten Wold meiner på den andre sida at informasjon og openheit rundt alkoholkonsum er det som skal til for å få til ei haldningsendring som i seg sjølv vil endre den usunne drikkekulturen i Norge i dag.

Kommentarer