This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Arbeidarparti-nestor Thorvald Stoltenberg slo fleire vitsar og var i godt humør då han besøkte Bergen Offentlige Bibliotek under Studentersamfunnets frukostmøte tysdag.

Frukost med Mandela

Nyleg kom den erfarne 85-åringen ut med boka “Frokost med Thorvald”. Tittelen spelar på den tidlegare forsvars- og utanriksministerens kjøkken i Mogens Thorsens gate i Oslo, som gjennom åra har hatt besøk av mange mektige menneske.

– Høgdepunktet i mi karriere som frukostvert var då eg var høgkommisær for flyktningar og Mandela slapp ut frå 26 års fengsel. Eg var nede i Kappstaden (Sør-Afrika) for å treffe han, og eg inviterte han på hotellet mitt på frukost. Nokre år seinare hadde Mandela blitt valt til president og skulle komme på offisielt besøk til Norge. Som svar på utkast til programmet for turen svarte Mandela: “OK, men har Stoltenberg slutta med sine frukostar?”. Du kan tenke deg: Det var ikkje noko eg heller ville, så eg gav han frukost etter hans ønske.

Men det var aldri snakk om hotellbuffé-frukost.

– Eg lagde alltid frukosten sjølv, og det var litt av poenget. For hadde Karin (Thorvalds avdøde kone jour.mrk.) laga den, så hadde den vore så fin med riktige tallerkenar og koppar og alt. Nei, det var meget amatørmessig sett opp av meg med syltetøy, makrell i tomat og geitost, fortalde den spreke pensjonisten, som på den måten klarte å møte dei prominente gjestane på ein litt annan og uformell måte.

– Farlege signal

Men på spørsmål om korleis ein frukost med Donald Trump ville vore, er han først litt avvikande.

– Då ville eg først snakka om kor fint han har handtert det å vere skalla. Men i motsetnad til meg har han klart å dekke over det, ikkje berre bakover, men framover også. Eg er meget imponert over det, så det ville eg starta samtalen med, seier Stoltenberg og gestikulerer med armane.

Ifølge VG karakteriserer Stoltenberg Trump som ein “hemningslaus høgrepopulist” i boka si, samtidig som han markerer at han heller ville hatt demokraten Bernie Sanders som president.

– Eg er jo ikkje einig i starten til Trump. Det er farlege signal han sender ut, men eg har ei tru på at han kjem til å tilpasse seg verkelegheita han også. Sjølv ein president i USA kan ikkje trasse den.

Selfies

Thorvald Stoltenbergs karakter er stadig aktuell, noko besøket hos Studentersamfunnet og det gode oppmøtet viste. Etter møtet tok han seg også tid til selfies og prat med nokre av studentane.

– Kor lenge vil du vere med i det offentlege ordskiftet?

– Eg håpar at eg vil bevare min sjølvkritikk så lenge at eg skjønner når eg bør slutte. Det blir litt av ei oppgåve for eg syntest det er så moro å vere med, og eg syntest det er så moro å komme på møter som dette. Så å overbevise meg om at eg no er for gammal, det blir ikkje heilt enkelt.

Kommentarer