This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4850&feed=rss2

Med eit design som kan minne om Instagram får brukarane av Tise moglegheit til å selje og kjøpe brukte klede samtidig som dei bygger sosiale nettverk. Ein lagar ein eigen profil der ein kan legge ut annonser og følge eller bli fulgt av andre brukarar. Ein bruker også «hashtags» og «likes» på same måte som på andre sosiale medier.

– Det er ein sosial plattform for kjøp og sal, fortel Eirik Rime, som er CEO og grunnleggar av Tise.

Appen har fleire funksjonar som gjer det motiverande å selje eller kjøpe brukt. Ein får følgjarar, skapar sitt eige nettverk og får «tise-points» om ein er aktiv, noko ein seinare kan bruke til å gjere eigne annonser meir synlege.

– Mitt mål er å få fleire til å gå med «fete» klede

Eivind Kåset starta Tise-profilen Streetstyle då appen vart lansert. Han hadde allereie solgt klede på nettet, men skjønna raskt at Tise kunne gi han mogeligheiter til å selje klede utan å gjere seg kjent gjennom sosiale medier som Instagram fyrst. Han sender klede til vintage-elskarar over heile landet.

– Eg har merka meg at dei fleste kjem frå storbyar som Oslo og Bergen, fortel Kåset

Sjølv meiner han at Tise ikkje gir noko moglegheit til å tene store summar, men at det er ein gøy hobby. Gjennom sal av kule secondhand klede ynskjer han å redusere taler på nye klede som vart brukt, i tillegg til å bidra til at fleire får augo opp for bruktklede.

Ukjent for mange

Ved Torgalmenningen var det få som hadde høyrt om appen. Til tross for marknadsføring med kjente profilar som Jenny Skavlan kan det sjå ut som den ikkje har rukke ut til alle heilt enda. Kun éin person av dei me intervjua svarte ja då me spurte om dei hadde høyrt om Tise. Likevel var dei positive til å teste ut appen.

–  Det ser veldig lettvint ut, konstaterer Tina Knutsvik.

Sjølv om Tise er lite kjent i Bergen vil den nok med tida dukke opp i app-biblioteket til mange. Den gir brukarane ein moglegheit til å selje eller kjøpe brukt på eit sosialt nivå, noko andre gjenbruksappar ikkje kan.

 

Kommentarer