This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=3&feed=rss2

Desember er den månaden vi nordmenn brukar desidert mest pengar. Vi brukar også mykje pengar på glede andre i form av julegåver.

– Nei, no har eg rekna ut at det blir akkurat 3400 kroner. Eg har laga budsjett, det måtte til. Så all lønninga går nok til det, seier Synnøve Furnes.

Andreårseleven går på Bergen Private Gymnas og har stålkontroll på utgiftene til julehandelen. Venninna Malene Møller Hansen ligg ikkje like bra an.

– Eg har ikkje begynt endå, men det er ikkje noko eg tenker veldig mykje på. Eg synest det er koseleg å kjøpe julegåver, du får litt sånn julestemning. Eg tar det som det kjem, eg stressar ikkje, svarar Malene som anslår at ho vil bruke 2000 kroner på julegåver.

 

Auke?

Nordea og Virkes prognoser for 2014 og 2015 viste at vi nordmenn i gjennomsnitt kom til å handle for høvesvis 5622 og 6270 kroner. Det er sannsynleg at tala vil auke også i år.

– Eg tar det dag for dag, men eg er så og seie ferdig med julegåvene no, seier elektrikerlæringen Olav Hella.

Han trur han endar opp med å bruke nær 2500 kroner på årets julegåver.

– Eg kjøper til mamma, pappa, søsken og kompisar.

 

Forventar auke

For senterdirektør på Bergen Storsener, Odd Rune Bjørge, er det travle dagar. Han har trua på at dei vil oppleve ein solid julehandel.

– Butikkane forventar jo ei auke som alltid. Ein ventar jo litt spent på den store julehandelen, den begynner gjerne ikkje før to veker før julaftan. Det er bra trøkk no, men om nokre dagar så blir det endå meir, seier Bjørge.

Til liks med andre kjøpesenter opplever Bergen Storsenter at unge og gamle for lengst har starta julehandelen.

– Black friday var jo ein gigantisk dag for oss i år, opp 36% samanlikna med i fjor. Vi hadde vår beste dag nokosinne den dagen. Så det er klart, julehandelen har starta, og no må vi nesten rekne november som ein del av den.

– Kor mykje brukar du på julegåver?

– Det får vi sjå på. Eg trur eg må halde det litt hemmeleg av familiære årsaker, men la oss seie at eg kjem til å bruke like mykje som i fjor, i alle fall!

Kommentarer