2000 studentar, 81 bedrifter på stand, underhaldning, foredrag, millionbudsjett — og mykje logistikk.
Likevel var det lite som uroa logistikksjefen Morits Hagander og resten av gjengen i Springbrettet før årets viktigaste dag: Karrieredagen i Grieghallen.
Småstressa?
— Eg har ansvar for at alle standane kjem opp der dei skal og at alle bedriftene har alt materiellet dei treng. Eg har også lagt ein kjøreplan for korleis dagen skal gå for seg, minutt for minutt, svarar Hagander.
Trass i ein travel dag var han villig til at ein reporter og ein kameramann skulle få følge han gjennom dagen. Men har han kontroll?
— No brukar eg mykje tid på å stå her med dykk, så no veit eg ikkje kva som skjer i førsteetasje, svarar Hagander éin time før dørene opnar klokka 10.
— Men neida – eg har kontroll. Det er godt å stå her med ein følelse av at eg veit kva som skjer.
Mingling
I løpet av Karrieredagen var det dags for bedriftspresentasjonar, foredrag med Jonas Gahr Støre og Hanne Kristin Rohde og uformell mingling mellom studentar og næringsliv. Uformelle rapportar fortel at det var oppunder 2000 studentar innom i løpet av dagen.
Ein av dei som hadde tatt turen var molekylærbiologi-student Asbjørn Skogen.
— Eg har gjort litt research før eg kom her, men det er ingen bedrifter som direkte driver med molekylærbiologi. Men eg blir jo ingeniør i utgangspunktet, så det er moglegheit for å få jobb i oljerelaterte bedrifter, i Miljødepartementet eller innan kommunen, listar han opp.
Mange kolleger på laget
Tilbake hos Hagander blir det meir og meir klart han har kontroll på logistikken. Med 30 kolleger under seg, får han god hjelp for å løyse oppgåvene som må gjerast i løpet av dagen.
— Det var veldig hektisk til å begynne med, og som logistikkansvarleg er det mest å gjere før dagen starta og etter at dagen er slutt. Men eg føler eg har hatt god kontroll på standane og alle bedriftene. Det kunne kanskje vore fleire studentar her, men eg trur bedriftene er fornøyd med oppmøtet.