This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Den 29. April slepp Per Bergs ut albumet «Basar». Musikken er ei blanding av vise- og countrysjangeren, og tekstane handlar om alt frå bedehusmiljø til kjærleik til eigen by.

Sitt første, men ikkje siste

Tidlegare har Per Berg gitt ut fleire singlar saman med bandet sitt, som saman kallar seg Per Bergs. No er han klar for å gi ut det første albumet.

– Eg gledar meg veldig. Eg er stolt av det, og eg er veldig fornøgd med å ha tatt det steget og gjort det, fortel Berg om det å gi ut sitt første album.

Han har allereie planar om å gi ut eit andre album når dette albumet har fått si merksemd.

– Songane er klare, så er det berre å bli ferdig med dette albumet på ordentleg. Når du har brukt så mykje tid på å lage plata, så må du bruke litt tid etterpå også. Ein må prøve å promotere han, og spele litt konsertar med han. Så blir det vel studio igjen til neste år, fortel artisten.

– Tung metall gjer seg ikkje med ein kassegitar

Per Berg fortel at sjangerval falt seg naturleg. Country- og visesjangeren er musikk han høyrer mykje på sjølv, i tillegg til at han ville kunne halde konsertar som kan vere like fine både med og utan band.

– Eg vil spele musikk som eg kan klare aleine med kassegitaren, og så høyrest det like fint ut då som når ein er seks mann på scena. Då er det lettare med country- og visesjangeren enn om du skal spele tung metall, det gjer seg ikkje med ein kassegitar, fortel han og ler.

Han speler både aleine og med bandet sitt, som i dag består av fem andre musikarar. Bandet starta som ein duo i 2012, og etter kvart har fleire blitt med. Han fortel at publikum bør vere av det lyttande slaget, og at dei derfor ofte speler litt tidleg på kvelden.

– Det er ikkje noko partymusikk eg held på med, så før eg speler konsertar prøver eg å informere om på førehand at det er greit viss ein høyrer etter. Så speler eg litt tidleg på kvelden. Det er vel det lyttande publikumet som er målgruppa mi, seier han.

Bedehusmiljø og kjærleik til heimbyen

Visesongaren fokuserer mykje på tekst, og meiner desse er like viktige som melodien. Nokre av desse tekstane handlar om det sterke bedehusmiljøet i heimbygda på Askøy.

– Eg har vakse opp i ei veldig kristen bygd. Eg sjølv er ikkje kristen og har aldri vore det, så eg tullar mest med det at det var eit sterkt bedehusmiljø der ute, og eg stod litt på utsida, fortel han.

Han reknar Bergen for å vere heimbyen sin, sjølv om han riktig nok er i frå Askøy. Når ein høyrer songen «Byen» skjøner ein at Per er glad i heimstaden.

– Det er mest folka eg likar med byen, og alle opplevelsane eg har hatt, fortel songaren.

Diktarspire

Per Berg har skrive songtekstar sidan han var femtan år, men for om lag to år sidan byrja han å skrive dikt. Det var 50-årsjubileumet for John F. Kennedy sin død som inspirerte han først.

– Då det var femti år sidan Kennedy døydde, hadde NRK ein serie, og då datt det inn eit dikt som heitte «Dagen då Kennedy døydde». Eg fekk mykje god respons på det, og tenkte at dette får vi prøve ein gong til, fortel han og smiler.

I dag har han ei diktspalte kalla Poesihjørnet i Askøymagasinet, og fleire av dikta hans er av det humoristiske preget. Han fortel at dikta godt kan bli til ein song.

– Nokre tekstar begynner gjerne som dikt, og så finner eg ein melodi til det etter kvart, fortel artisten.

Kommentarer