This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

– Det greit å vite at fleire studentar tenker slik som eg, fortel Eirin Flage.

– Det siste nye på sosiale medier

Jodel vart først lansert i Tyskland i oktober 2014, og mobilapplikasjonen har dei siste vekene spreidd seg som eld i tørt gras blant studentane i Bergen. Her kan dei poste kva dei vil, heilt anonymt, noko som blir sett av alle brukarar innanfor ein 10 kilometers radius.

Medisinstudent Eirin Flage tykkjer at Jodel er kjekk å bruke, og har hatt applikasjonen i tre veker.

– Eg fann nokre flyers då eg var på eit kurs på Dragefjellet og lasta ned appen, og då blei eg hekta, seier ho og ler.

Flage fortel at det at du er anonym fører til ein lavare terskel for kva du vel å publisere.

– Det er litt greit, for du kan skrive kva du vil, og kanskje spør om noko litt flaut som du lurer på om er normalt eller okei, og få svar på det utan at folk får vite kven du er, fortel studenten.

– Leiter etter sin eigen form

Eirik Stavelin, postdoktor ved Institutt for informasjons- og medievitenskap ved UiB, fortel at det verker som at applikasjonen held på å finne sin plass.

– Eg har inntrykk av at dette er eit medium som leiter etter sin eigen form, det er litt uklart kva ein skal bruke den til. Det verker som at brukarane av mediumet er av same oppfatting, og at dei eksperimenterer og prøver å finne ut kva dette er for noko, seier han.

Stavelin har inntrykk av at appen er ein slags digital dovegg.

– Dette meiner eg ikkje negativt, men i form av at ein legger frå seg små tekstmeldingar, anonymt, på ein geografisk lokasjon, fortel Stavelin.

Mogeleg å rapportere diskriminerande utsagn

Eirin Flage fortel at diskriminerande meldingar som oftast blir rapportert av dei andre brukarane.

– Forrige veke så var det fleire som hadde rapportert ein brukar som hadde publisert rasistiske kommentarar, og denne personen vart utestengd frå appen, fortel Flage.

Brukarane skal blant anna, i følge bruksvilkåra til Jodel, ikkje delta i diskriminering når dei bruker applikasjonen. Det er også 17-års aldersgrense for å bruke appen.

Det er tyske Alessio Avellan Borgmeyer som står bak Jodel.

Kommentarer