This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

26. og 27. oktober vart SIKT2015 arrangert i Bergen. Her inviterte Kronprins Haakon 200 unge leiarar til å vere med på konferansen, der temaet i år var ledelse.

– Vi starta SIKT fordi at vi såg at det var ganske mange møteplassar for toppleiarane, men ikkje så mange for dei mellom tjue og førti som gjekk på tvers av geografi og på tvers av bransje og sektor, fortel Kronprinsen.

Kan lære av kvarandre

Kronprins Haakon trur konferansen kan få deltakarane til å lære av kvarandre, i tillegg til det spennande programmet i konferansen, som skal gjere dei dyktigare i den rolla dei har.

– Vi håper at det å treffe menneskjer som er annleis enn ein sjølv kanskje gjer at vi får litt nye idear og nye løysingar, som vi treng for framtida, seier Kronprinsen.

Kronprinsen fortel om mykje engasjement og idear blant deltakarane under dialogmøtet måndag.

– Eg trur vi såg gode eksempel på at her er det mykje energi og tankar om korleis vi kan finne løysingar for framtida i denne regionen, fortel Kronprins Haakon.

Motivasjonsøvingar med sjøforsvaret

Måndag ettermiddag inviterte Kronprinsen deltakarane med på ulike motivasjonsøvingar på Haakonsvern i samarbeid med sjøforsvaret, som skulle få deltakarane til å bli betre kjent med kvarandre. Deltakarane visste lite om kva øvingar dei skulle gjennom, men hadde fått eit lite hint i forkant.

– Nokre av dykk har med skift, håpar eg? Ja, det er jo veldig spennande kvifor vi treng å ha med oss skift, men det får dykk vite etter kvart, fortel Kronprinsen til ei leande forsamling før avreisa til Haakonsvern.

Bergen Student-TV fekk vere med på den eine øvinga deltakarane måtte gjennom. Her skulle kvar gruppe sløkje eit brennande helikopter og redde dei som ropte om hjelp, og Kronprinsen var med. Susanne Kaluza, redaktør for den Egmont-Publishing-eigde nettstaden Kvinneguiden, var ein av deltakarane, og syntest det var ei lærerik oppleving.

– Vi fekk på sånn røykdykkarutstyr og skulle ut og sløkje brann. Eg må sei at det var ei nyttig lagoppgåve, for å sjå kor viktig det var med god leiing i slike situasjonar og ha ein plan i forkant. Eg har fått den djupaste respekt for det arbeidet som brannmenn gjer til det daglege og arbeidet dei gjer på sjøkrigsskulen, ler Kaluza.

– Kjempeviktig å vere audmjuk som leiar

Kronprins Haakon har sjølv leiarutdanning, og gir sine råd til framtidige unge leiarar.

– Eg trur det å jobbe med seg sjølv, i forhold til kva ein kan få til og kven ein har lyst å vere er viktig. Eg trur også eg har mykje å lære sjølv, så det blir spennande for meg også dei neste dagane, seier Kronprinsen og smiler på pressemøtet måndag.

Kommentarer