This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Fleire parti har eit ynskje om å opne sprøyterom i Bergen kommune, mellom anna SV og Raudt. KrF ynskjer ikkje dette, og meiner ein bør finne andre moglegheiter for å løyse rusproblematikken.

Fokus på bustad

Til tross for ueinigheit om opning av sprøyterom, ynskjer dei fleste partia å fokusere på å skaffe bustader til dei rusavhengige. Rebekka Ljosland, ungdomskandidat for Bergen Kristeleg Folkeparti, meiner ein burde satse spesielt på dette.

– Når det er under 2% av alle injeksjonar som settast, som blir sett i sprøyteromma, og vi i tillegg veit at 80% av alle overdosane settast i heimane, så seier det seg sjølv for KrF at det er meir effektivt og det er viktigare for oss å prioritere å bygge fleire bustadar og ha oppfølging i heimane, enn å opne for et sprøyterom, seier Ljosland.

Mikkel Grüner, andrekandidat i Bergen Sosialistisk Venstreparti, er einig i dette.

– Den viktigste betingelsen for å ta del i samfunnet og å leve eit godt, normalt liv, er at ein har ein god stad å bu. Ikkje på hospits, men i eigen bustad, seier Grüner.

Likevel meiner han at det er eit behov for sprøyterom.

–  Vi ser at det ligger sprøyteom klar til bruk på Strax-huset, og det einaste som mangler er politisk vilje til å sleppe folk inn og bruke desse sprøyteromma. No sitt dei ti meter vekke i undergangen og sett sprøytene sine i staden. Slik kan vi ikkje ha det, konstaterer han.

Diskusjon i både politikk og rusmiljø

Det er også diskusjon om sprøyterom mellom dei rusavhengige. Miriam er ei av dei som er for sprøyterom.

– Vi kunne heilt enkelt trengt sprøyterom for lenge sidan. Det er etterlengta. Det hadde hjelpt på alle måtar. For det første hadde det redda liv, for det andre så hadde det vore mindre sjenering. Folk hadde ikkje sete openlyst og brukt. Utstyr hadde heller ikkje blitt liggande rundt. Det er eigentleg berre positive ting med det, seier Miriam.

Arvid, ein annan rusavhengig, er usikker på om sprøyterom vil hjelpe så veldig mykje, men er einig i at ein burde fokusere meir på at den enkelte rusavhengige får sin eigen bustad.

– Vi skal heile tida samlast i blokker og ghettoar. Veldig mange av oss prøver å bli nykter, men vi har ikkje sjans. Hospits og slikt er ikkje løysinga, meiner han.

Tryggleik i både rusmiljø og nærmiljø

Ved Damsgårdområdet, der fleire rusavhengige no er sett seg nødt til å forflytte seg, bur det også fleire studentar og familiar. Fleire vi har snakka med merker til at rusmiljøet er tett på. Anneline Danielsen bur i området, og bekymrer seg over at det kan bli liggande igjen brukte sprøyter.

– Ein i bygget vårt hadde funne ei sprøyte på leikeplassen, og det er uheldig når det er born som går der aleine, fortel Danielsen.

Dette tenkjer også dei rusavhengige på. Ingunn fortel at ho har kjefta fleire gongar på andre rusavhengige fordi dei ikkje rydder opp etter seg. Dette meiner ho er heilt uhøyrt, då både dyr og barn går i området.

– I utgangspunktet ynskjer ikkje rusmisbrukarane å vere ein belastning for samfunnet. Dei ynskjer heller ikkje at barn og familiar skal sjå dei, for samtlege av oss har familiar, mange av oss har barn sjølv, og dette er noko vi ikkje ynskjer at dei skal sjå, fortel Ingunn.

 

Kommentarer