I ein brukarundersøking gjennomført av TNS Gallup kjem det fram at Studentskipnaden i Bergen er den beste samskipnaden i landet. Likevel viser resultata at studentane er svært misnøgd med treningstilbodet.
– Det var vi eigentleg førebudd på. Men vi jobbar med å endre på dette inntrykket, fortel kommunikasjonsleiar i SiB, Marita Monsen.
Hemmelegheitsfull
Monsen meiner at nedlegginga av tidlegare SiB sentrum er skuld i det dårlege resultatet for treningstilbodet. Ho fortel at det skal kome eit nytt treningssenter i sentrum, men kor dette senteret skal lokaliserast og korleis det vil bli vil verken SiB eller Leiar i velferdstinget, Linnea Reitan Jensen, røpe enno.
– Det kan eg dessverre ikkje kommentere, men eg har stor tru på at studentane vil bli fornøgd med det nye treningssenteret når det kjem, seier ho.
Reitan fortel at studentane gjerne må kome med innspel, og at velferdstinget skal leggje til rette så godt dei kan.
Større kapasitet
Monsen fortel at planlegginga er i gong, men at ho av omsyn til pågåande forhandlingar må holde korta tett til brystet.
– I utgangspunktet ser vi for oss at det nye senteret vil kome til neste år. Vi håper at vi kan gå ut med meir konkrete detaljer i løpet av mai, men eg kan dessverre ikkje love noko, seier Monsen.
Det ho derimot kan love er at det nye treningssenteret vil ha stor kapasitet og romme ein stor variasjon av treningsmoglegheiter.