This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Forbrukarøkonom Marianne Frønsdal  meiner at det skal vere mogleg å leve på det månadlege beløpet norske studentar får utbetalt, men då skal du vere flink. – Det krevjar rett og slett litt planlegging og godvilje, seier Frønsdal.

Fyrsteårsstudent Nora Brakstad frå Bergen gjør som mange studentar og jobbar nokon helger i månaden. Ho sparar pengar på å handle interiør og klede på loppemarked og Fretex, men ho skeiar gjerne ut på andre måtar. Til dømes vil ho helst bu komfortabelt og aleine.

– Dersom eg skulle klart meg berre på studiestøtta, så måtte eg nok ha flytta, forklarer Nora.

Ingen grunn til å klage

Nora er ein av dei som meiner at studentar kan klare seg på studiestøtta. Ho meiner at norske studentar kanskje er for godt vant.

–  Vi betalar minimalt i semesteravgift og er i ei særstilling når det kjem til statleg støtte, eg syns ikkje vi har grunn til å klage, meiner ho. Eg har faktisk reikna på det, seier ho entusiastisk. Det skal gå an å klare seg greitt, men ein må sjølvsagt vere litt streng med seg sjølv, seier Nora.

Sjølv har ho ikkje heilt oversikt over eigen økonomi, men ho trur at ho har eit forbruk som gjennomsnittet.

–  Eg har tenkt lengje på å lage eit budsjett, og eg burde nok gjere det, men eg er ikkje kome så langt, fortel ho med eit smil på lur.

Få oversikt, lag eit budsjett

Som student får du opp mot kr 48 925 per semester i basisstøtte. Dersom ein ikkje reiknar med kr 19 000 som ein får i august og januar, får studentar i snitt kr 7 338,75 per månad. Dersom du lever trongt økonomisk har forbrukerøkonomen eit viktig råd til deg.

– Eg rådar alle til å lage seg eit budsjett. På den måten får du oversikt og du kan sjå kva du kan endre på, det kan faktisk hjelpe deg til å få ein betre kvardag både sosialt og elles, oppmodar Marianne Frønsdal.

Dersom ein samanliknar statens institutt for forbruksforskning (SIFO) sitt referansebudsjett med det ein norsk student får utbetalt i månaden, kan det derimot virke lite motiverande.

– SIFO sitt budsjett skal vere eit ganske nøysamt budsjett, men vi ser at ein student likevel må kutte på fleire av postane i standardbudsjettet, seier Frønsdal.

Ho poengterer at det er mykje å spare på å bu billeg, gjerne utanfor sentrum og i kollektiv.

–  Dersom ein bur med andre har ein kanskje ikkje like stort behov for å bruke pengar på leik og fritid, for eksempel, seier ho før ho ramsar opp fleire fordelar med å bu i kollektiv.

–  Du kan blant anna spare inn på matposten, møbler, mediebruk og sjølvsagt husleige. Det finnas nemleg mange måtar å spare pengar på som student, dersom ein er open for alternative løysingar, fortel Frønsdal.

Forbrukerøkonomens enkle kvardagsråd:

– Lag eit budsjett og handle smart.

– Kjøp i store kvantum og frys ned. Evt gå saman med vener for å lage middag.

– Søk etter studentrabatter, eller spør om rabattar. Lag matpakke. Unngå småkjøp som kaffi i kantinen, ta med kaffi på termos.

– Handle interiør, utstyr og klede ol. på loppemarknad og Fretex. Du kan finne mykje fint i «gi bort» rubrikken på finn.no.

– Gå til skulen, eller kjøp ein billeg sykkel. Bu i kollektiv, og gjerne utanfor sentrumsområda.

– Søk på studentboliger. Ha ein søknad liggande i SIB, det kan bli ledig til jul.

– Ta små jobbar ved sidan av studiet.

 

Kommentarer