This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Då studentleikane i Bergen blei arrangert for tredje gang, var Joga Bonito eitt av dei påmeldte laga i futsalturneringa. Det kan ha vore for siste gang.

Laget blei starta for fire år sidan av ein gjeng gutar som begynte å spele fotball i lag. I dag er dei om lag 30 spelarar i stallen, og nokre av dei var med på Bergen Challenge. For innitiativtakaren Mats Theie Bretvik, er tida som student snart over, og han håpar at nokon vil føre laget vidare.

 – Eg har trua på at det kan gå, vi må berre engasjere dei rette folka, seier Bretvik.

Dårleg start

Sjølve turneringa starta ikkje så bra for Joga Bonito då dei tapte 0-3 for BI Bibo.

– Vi var rett og slett ikkje med frå starten av, seier Bretvik.

Dette tapet førte til at dei fekk eit lite press på seg, men det takla laget godt i kamp nummer to. For mot Ruset Guttfanter var Joga Bonito totalt overlegne og vann heile 5-1.Ein viktig bidragsytar i denne kampen var Reber Roald Iversen med sine to mål.

– Vi må helst vinne

Før den tredje og siste kampen i gruppespelet, mot Dragefjellet Futsal, var studenten frå Stavanger klar på kva som måtte til.

– Vi må helst vinne, men vi kan også gå vidare til sluttspelet med uavgjort. Det einaste som er sikkert er at vi i alle fall ikkje kan tape, seier Iversen.

I ein nervepirrande kamp mot Dragefjellet Futsal såg det lenge ut til å gå mot uavgjort 0–0, men like før dommaren blåste av kampen kom målet Joga Bonito trengte. Dermed var Joga Bonito klare for åttandedelsfinale.

– Det blei scoring 17 sekund før slutt, og det var utrulig deilig, seier ein tydeleg fornøgd Bretvik.

Nesten til topps

Også i åttandedelsfinalen vart det siger, og dermed var kvartfinale neste steg for Joga Bonito. Den vart av den dramatiske sorten då det måtte straffesparkkonkuranse til for skilje Joga Bonito og TSI Futsal. Joga Benito var verkeleg i flytsona og vann straffesparkkonkurransen.

Draumen om finale i Bergen Challenge kom stadig nærmare for Joga Bonito, men i semifinalen møtte dei tøff motstand. BISI Futsal, med blant andre Brann-spelar Kristoffer Larsen på laget, vart ei litt for hard nøtt og vann 3–1. Trass i dette tapet var ikkje Joga Bonito-keeper David Vasili særleg imponert over motstandarlaget.

– Faktisk hadde vi dei fleste og største sjansane, men dei hadde denne eine spelaren som spelar i Eliteserien. Han utgjorde forskjellen, meiner Vasili, som er utvekslingsstudent frå Romania.

Nytt straffedrama

Sjølv om det vart tap i semifinalen var Joga Bonito framleis ikkje ferdigspelt. For det skulle også kårast ein bronsevinnar. Motstandar i bronsefinalen var trønderstudentane NTNUI.

– Det blei tap etter ein meget spennande straffesparkkonkurranse. Då blei det dessverre den sure fjerdeplassen, avsluttar Mats Theie Bretvik.

Herreklassen i futsal vart vunnen av NHHI Futsal, medan HSK 1 vann dameklassen.

Kommentarer