Kristine fortel at ho vart skjelt ut av arbeidsgivar på jobb. I følgje Arbeidsmiljøloven § 4-3, skal ikkje arbeidstakar utsettast for utilbørlig opptreden på arbeidsplassen. Kaja Dischler Folmo, saksbehandlar ved jussformidlinga i Bergen, understrekar at studentar med deltidsstilling har dei same rettane som andre arbeidarar.
– Ein laurdag ettermiddag kom arbeidsgivaren innom jobben. På grunn av små hendingar som litt rot og lite omsetnad kalla han meg dum og sa at eg ikkje trengte å komme på jobb igjen, forteller Kristine.
I etterkant av denne episoden tok ho kontakt med jussformidlinga for å høyre kva ho skulle gjere vidare. Jussformidlinga anbefala Kristine å høyre med arbeidsgivar, om han meinte det han sa angåande oppseiinga. Arbeidsgivar trakk då tilbake trugselen, men Kristine valte å seie opp jobben sin kort tid etter.
Dialog
Kaja Dischler Folmo og Kamilla Berven Bischof er begge studentar og saksformidlarar ved jussformidlinga i Bergen. Dei understrekar at arbeidstakar har eit særleg vern for å unngå trakassering på arbeidsplassen, då arbeidstakar ofte vert sett på som den svake part.
Dersom nokon føler seg urettferdig behandla på arbeidsplassen anbefalar saksbehandlarane Folmo og Bishof å snakke med den personen det gjeld i første omgang.
– Dersom problemet held fram, kan ein til dømes oppsøke Jussformidlinga for å spørje om råd, seier Kamilla Berven Bischof.
Arbeidsmiljøloven
– Både arbeidsgivar og arbeidstakar skal oppføre seg ordentleg og behandle kvarandre med respekt, man må oppføre seg som folk, seier Kaja Dischler Folmo.
I Arbeidsmiljøloven §4-3 Krav til det psykososiale arbeidsmiljøet, står det:
(3) Arbeidstaker skal ikke utsettes for trakassering eller annen utilbørlig opptreden.
(4) Arbeidstaker skal, så langt det er mulig, beskyttes mot vold, trusler og uheldige belastninger som følge av kontakt med andre.
– På generelt grunnlag kan ein søke erstatning dersom ein vert utsett for trakasering eller diskriminering på jobb, seier Folmo og Bischof.
Fleire i same situasjon
– Eg gleda meg til å gå på jobb og trives godt i jobben, men eg hadde ikkje lyst til å jobbe for ein arbeidsgivar som oppfører seg sånn, understrekar Kristine.
– Eg tenker at det er uakseptabelt å bli behandla på ein nedverdigande måte på jobb. Eg vil tru det er andre studentar som opplever det same, og det må dei ikkje finne seg i, oppmodar Kristine.