«Young and Loving!» er ei årleg glaskunstutstilling der nyutdanna kunstnarar får ein moglegheit til å stille ut sine verk.
Internasjonal suksess
Konseptet med utstillinga er at dei unge og lovande, derav «oversettelsen» Young and Loving, skal få ein sjangse til å vise kva dei er gode for, og i tillegg inspirere kvarandre og publikum med innovativ og nytenkjande glaskunst. Young and Loving! har sidan oppstartåret i 2007 fått verdsomfattande oppmerksomhet, og kunstnarar frå mange forskjellige land kjem til Bergen for å stille ut i det vesle galleriet S12 i Skostredet..
-I byrjinga hadde vi flest kunstnarar frå Norden, men etter kvart har vi fått kunstnarar frå heile verda. I år er det til dømes folk frå Japan, USA, Brasil og Sverige som har stilt ut verka sine, seier Bergljot Jonsdottir, dagleg leiar av galleriet.
Første gong med glas
Ein av kunstnarane som stiller ut i år er Bianca Nabuco frå Brasil. Nabuco vart tipsa om utstillinga av ei studievenninne frå Sverige, og såg på det som ein gylden moglegheit.
Ho har tidlegare jobba hovudsaklig med tekstilkunst, og denne utstillinga er hennar første der hovudmateriale er glas.
– Vi brukte vel omtrent ei veke på verket som det ser her. Det var ikkje eg som blåste glaset, det var ein av dei som jobbar her som gjorde, så var eg mest hans assistent, men det var ein veldig gøy og lærerik prosess.
Kickstart for karriera
For mange av dei som stiller ut i Young and Loving er det den første opplevinga dei har av å stille ut i eit ekte kunstgalleri. Og det å delta på akkurat denne utstillinga har opna mange nye dører for enkelte av kunstnarane.
Bergljot Jonsdottir fortel stolt at mange av dei som starta karriera si med å stille ut på Young and Loving! seinare har blitt internasjonalt anerkjente kunstnarar.
Utstillinga er populær, og har mellom 400-800 besøkande i løpet av tida den er open, men Jonsdottir oppfordrar likevel enno fleire til å kome å sjå på medan utstillinga er open.
– Det er alltid veldig kjekt når unge menneske tar turen innom, så det er berre for studentar å kome og sjå!
