Frå 1. juli 2014 skal Byrådet stenge av Nygårdsparken. Redaktør i gatemagasinet Megafon, Thomas Anthun Nielsen, er kritisk til dette tiltaket.
Byråd for sosial, bolig og områdesatsing i Bergen kommune, Dag Inge Ulstein meldte onsdag at Nygårdsparken vert stengt frå 1. juli. Dette er ein del av tiltaket for å hindre den opne rusproblematikken i Bergen sentrum. Planane er at øvre del av parken skal rustast opp i løpet av eit år.
I tillegg skal Bergen kommune opprette fleire rusførebyggande tiltak mellom anna to nye opprusting og mottakssenter i Fana og Årstad bydel.
Anthun Nielsen synes det er bra at byrådet tar tak i rusproblematikken, men meiner at rusmisbrukarane treng eit meir heilskapleg tilbod.