Fredag ettermiddag haldt Harald Eia foredrag om tabu i norsk sosiologi. Det var svært mange studentar som tok turen til Kvarteret.
I 2010 skapte NRK serien Hjernevask stor merksemd innan samfunnsvitskapen. Harald Eia forklarte bergensstudentane bakgrunnen for serien, og kva han ville oppnå med den. Eia meiner også at sosiologien i dag ber preg av faglege og moralske tabu. Vidare utdjupar han at for å styrke det vitskaplege truverdiget treng ein eit større meiningsmangfald og eit meir tverrfagleg vitskapssyn. Ein må kunne sjå meir fritt på ein del spørsmål, konstanterar Eia.