This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=3&feed=rss2

Studentparlamentet ved UiB sine tre nye promoteringsfilmar har fått blanda mottaking. Filmane har i følgje leiar Synnøve Mjeldheim Skaar intensjon om å fortelje at parlamentet finnast.

Må ha riktig bodskap
Trygve Svensson, universitetslektor i retorikk ved UiB, gir Studentparlamentet ros for å prøve ut stumfilmsjangeren, men meiner samstundes at innhaldet kunne vore annleis.
– Eg hadde heller sett at dei knytta handlinga til noko studentar opplev i kvardagen. I berre ein av dei tre filmane blir dette gjort på ein god måte.
Svensson meiner også at prisen på vel 35.000 kroner er forsvarleg, men at filmstudentar i Bergen sikkert kunne gjort ein like god jobb.
Noko også tidlegare student ved Film og TV-produksjon og initiativtakar i produksjonsselskapet Pistolshrimps, Stian Hafstad, seier seg einig i.
– Om Studentparlamentet hadde gitt jobben til bergensstudentar hadde ein fått eit like bra resultat, og kanskje til ein lågare pris.

Dei tre promoteringsfilmane finn du ved å trykke på desse linkane:

Film 1

Film 2

Film 3

Kommentarer