This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

For åttande år på rad blei det arrangert nasjonal finale i Parodi Grand Prix i Grieghallen denne helga.

Parodi Grand Prix er ein konkurranse der kjente og ukjente artistar, gamle og unge framfører gamle Melodi Grand Prix- bidrag i ein parodiert form.

Det var 12 bidrag som blei stemt fram i semifinalar i Oslo, Bergen og Trondheim. I finalen var åtte av bidraga frå Bergen, tre frå Oslo og eit frå Trondheim.

Dei heldige vinnarane som stakk av med 10.000 kr var Ruthemor og Sissel (alias Inger Lise Drabløs og Dag Christer Haugen) med låta «Trist og lei», som var ein parodi på Island sitt bidrag i 1999, «All out of luck».

 

Studenter på scenen

Hans Egil Skaar Samuelsen og Martin Phillip Fjellanger var begge med som dansarar i det åttande bidraget med Parodi Grand Prix-dronninga, Henriette Christie Ertsås. Her blei svenskanes fjorårsbidrag, «Popular», parodiert.

Martin var også dansar for Belinda Olympia Glava (alias Chriss Martin Knappen), betre kjent som «Queen of Bergen». Deira bidrag var en parodi på den svenske songen frå 2009, «La Voix».

 

Kommentarer