This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Trening er viktig, ikkje berre for å få ein flott figur, men også sjølvsagt for helsa sin del. Mange jenter er redde for å trene med tunge vekter, fordi dei trur dei kjem til å sjå ut som ein stor mann med store musklar. Men tida der jenter kun sprang på tredemøller og gjekk på saltimar, er over.

Du treng nemleg ikkje å bekymre deg for å ende opp med å sjå ut som ein maskulin mann når du trener styrke. Faktum er at jenter berre har omtrent 1/20 av det muskelbyggande hormonet testosteron, som menn har, og då seier det seg sjølv at det tek lang tid og svært hardt arbeid til for jenter å oppnå ein muskuløs fysikk.

– Tørr å ta i. Bodypump og den slags er ikkje verdig navnet styrketrening. Ein må jobba med tyngre vekter skal ein få resultater. Tunge knebøy/utfallsøvelsar gjer deg ein strammare kropp og ei spretten rumpe, seier André.

Og kven slags jenter vil vel ikkje ha ei stram rumpe og ei flott holdning?

– Med eit sunt og godt kosthald saman med eit fullkroppsprogram med fokus på problemområder og kondisjonstrening, så er ein på godt veg til ein sunn og flott kropp, seier André.

Eksempel på fullkroppsprogram:

4×10 – Knebøy (framside/bakside lår, rumpe, mage)
4×10 – Ståande skulderpress (skuldrer, triceps, øvre del bryst, mage)
4×10 – Strake markløft (bakside lår, rumpe, korsrygg, mage)
4×10 – Roing med handvekter (rygg, bakside skuldrer, biceps)

Alternative øvelsar til heimetreningsprogram:

4×10 – Step-up til step/krakk (framside/bakside-lår samt rumpe)
4×10 – Push-ups frå knær/vanlig (bryst, triceps)
4×10 – Spensthopp (framside/bakside-lår samt rumpe)
4×10 – “Renegade rows” http://www.youtube.com/watch?v=DCmblqRM9rQ&feature=fvst (core,rygg, biceps)

– I startfasen held det med to gonger i veka, medan ein seinare bør trene tre gonger i veka for best mogleg resultat, seier André.

God styrketrening, jenter!

Kommentarer