This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Under premiæra på den franske operaen L`Etolile får studentane Marte Leirvåg og Stian Økland synge opera side om side med profesjonelle songarar.

Operaen, som er ført i pennen av Chabrier, har premiære i Grieghallen laurdag 4. februar,  med spesialtinga kostyme frå New York. Studentane trur den romantiske oppsettinga vil vere ideell for studentar.

– Den er fargerik og morosam, med flotte sceniske element, og skil seg frå dei tradisjonelle operaane fortel Leirvåg. Ho anbefalar den som ein mjuk debut for dei med lite erfaring frå denne songtradisjonen.

Kommentarer