This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Sidan midt i november har dei servert vestnorsk humor til folket – med sjølvaste jubilant Olav Stedje som midtpunkt.

– Manageren felte tårer då han kom inn til oss etter showet, og klemte oss som aldri før. Han meinte han hadde vore vitne til ei revolusjon, og var nok litt letta, ler revyartistane Ragnar Hovland, Halvor Folgerø og Olav Stedje. Over eit halvtørt tårn av vestlandslefser i parken utanfor Logen Teater minnast dei den første kvelden på scena som ein enorm suksess.
– Du kunne kjenne bruset frå publikum på premiærekvelden. Alle vi snakka med sa at det var det beste dei nokon gong hadde sett, fortel Hovland.

Karane har samla seg for andre gong under namnet Vestlandsrevyen. No også for å heidre artisten Olav Stedje, som fekk sitt gjennombrot for nøyaktig 30 år sidan.
– Dette er nok den beste revyen i Bergen gjennom tidene, meiner dei tre.

Kommentarer