This text will be replacedhttp://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Tapar pengar på Helhus

Dårlig promotering er årsaka, meinar arrangørane.

Dei fleste laurdagar i løpet av semesteret held ulike arrangørar Helhus på Kvarteret. Sjølv om det er ei billig kulturpakke for studentane, uteblir dei store besøkstala og dermed også inntektene.

Aktive Studenters Forening(ASF) og Realistforeningen er dei mest frekvente hovudarrangørane av Helhus, og har stått bak fleire av dette semesterets arrangement. Leiar for ASF, Jon Hågan Fjelland, seier at dei går i minus på å arrangere Helhus, men dette tenar dei inn igjen på dei andre arrangementa dei står for.

Arrangørane av Helhus legg planar for å få det til å bli eit konsept studentane vil nytte seg av, og gjev ikkje opp med det fyrste.

– Vi har ein skikkelig jobb å gjera på promoteringsdelen, seier Fjelland.

 

Ein laurdaskveld på Helhus er eit konsept der det må vera minst fire arrangement samtidig på Kvarteret. Studentane betalar ein femtilapp i inngangspeng, og får deretter bestemme fritt kva dei vil delta på. Arrangementa kan vera mykje forskjellig, gjerne debattar eller konsertar. 

Kommentarer