This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=4&feed=rss2

Voldtekter i Oslo har vore eit stort tema i media den siste tida. Men det er ikkje berre i Oslo voldtektene finn stad, og torsdag kveld vart det arrangert fakkeltog mot voldtekt i Bergen sentrum.

– Viss vi ser på antal menneske som bur i Oslo i forhold til Bergen, så har vi like mange overfallsvoldtekter i Bergen per innbygger, som i Oslo, seier Anna Kathrine Eltvik, initiativtakar til fakkeltoget.

Eltvik er klar på at det er haldningane i samfunnet som må endrast, og at jentene skal kunne sleppe å ta forhåndsreglar. Leiar i AUF, Eskil Pedersen, holdt appell til dei frammøtte og var einig med Eltvik på dette.

– Om ei jente går full heim frå byen i miniskjørt, er det hennar rett, seier Pedersen.

Må ta meir ansvar 

Vidare seier Pedersen at gode haldningar må spres i kameratgjengen og at temaet må bli diskutert og snakka om, enten på arbeidsplassen eller på eit vorspiel.

– Det er summen av at alle menneske bryr seg som gjer at vi kan bli eit samfunn utan voldtekt.

Kommentarer