This text will be replacedhttp://bstv.no/?cat=3&feed=rss2

Valdrama på Kvarteret

Generalforsamlinga følte seg ført bak lyset av trio som forsøkte å tiltre tre verv i Representantskapet på ulovleg vis.

Haustens generalforsamling gjekk på skinner heilt fram til valet for Representantskapet stod for tur. Tre av dei stilte følgande ultimatum: Enten måtte alle tre veljast, ellers ville ingen av dei stille.

Tre verv skulle fyllast og fem personar stilte som kandidatar. Dei to resterande kandidatane var også med i fjor, og stilte til gjenval. Tre personar stilte som ei blokk, noe som er ulovleg i henhold til statuttane, og dette skapte stor debatt i generalforsamlinga.

Leiar i Studentersamfunnet, Maria Dyrhol Sandvik, meinar det er eit paradoks at dei som stiller til val i eit kontrollorgan som Representantskapet bryt statuttane allereie før sjølve valet har starta. Ho var sterkt i mot at dei tre skulle få gjennomføre dette valet.

Den livlige diskusjonen enda med at dei tre som stilte som blokk, Stian Dahle, Eirik Magnar Høydal og Kjetil Lund Hansen måtte trekke sitt kandidatur.

– Eg skjønnar godt at dei stiller i blokk mot alternativa som er i dag. Det er litt deprimerande at man ikkje er interessert i å gjera forandringar der det faktisk er behov for det, seier styreleiar i Kvarteret, Sigrid Jansgaard Strand og legg til at det er trist at dei tre ikkje ville stille individuelle kandidatur.

 

Misnøye med tidligare Representantskap

Stian Dahle, som er ein del av trioen, fortel at bakgrunnen for at dei gjorde det på denne måten var misnøye med tidligare Representantskap.

– Vi meinar det er behov for utskiftingar i Representantskapet slik det er no. I fjor ytra fleire misnøye med måten det blei styrt på, og vi ville med dette opne for debatt rundt temaet, seier Dahle.

Det heile enda med at Ingrid Norgren, som den einaste med nok gyldige stemmer, blei gjenvalt i Representantskapet.  To av dei tre i trioen fekk også tilstrekkeleg med stemmer, men fekk ikkje fylle verva då dei stilte til ulovleg val.

– Kvarteret skyt seg sjølv i foten med denne type politikk. No får fjorårets Representantskap halde fram på same uhaldbare måte som i fjor, seier ein av dei opprørte deltakarane på generalforsamlinga.

 

Totalt var 126 vedtaksdyktige tilstades. Kravet for å fylle eit verv var 42 stemmer.

Ingrid Norgren: 51 stemmer – innstilt til verv i Representantskapet.
Eirik Milford: 39 stemmer.

Trekte verv:
Kjetil Lund Hansen: 43 stemmer
Stian Dahle: 42 stemmer.
Eirik Magne Høydal: 32 stemmer.

I tillegg vart fem andre verv innstilt til Kvarterstyret.

Desse er mest truleg dei nye  i Kvarterstyret neste år:

Eksternansvarleg: Astrid Istad – 109 stemmer
Prosjektansvarleg: Eirik Lie Hegre – 109 stemmer
Internansvarleg: Arne Sandvik – 103 stemmer
Økonomiansvarleg: Marius Solberg – 91 stemmer
PR-ansvarleg: Siri Vik Bakken – 84 Stemmer

Kommentarer