This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=3&feed=rss2

To av dei tre siste forelesningane i MEVI100 har studentane stått utan forelesar. Med kun ei forelesning i veka, fortvilar studentane over manglande undervisning og informasjon.

– Når over 50 studentar ventar i 45 min på forelesar utan å få beskjed, blir vi oppgitt, seier Halvor Erdal, student ved Universitetet i Bergen.

Instituttleiar for informasjons- og medievitenskap, Dag Elgesem, beklagar dei avlyste forelesningane og seier at dette ikkje skal skje. Dei vil no sjå på sine rutiner for å informere studentar om ei forelesning ikkje kan gå som planlagt. Samstundes seier han at det er vanskeleg å forutsjå om ein forelesar blir sjuk eller forsover seg, og kan ikkje garantere at det ikkje skjer igjen.

BSTV har vore i kontakt med studentar ved fleire institutt som opplever det samme når dei møter til sine forelesningar.

 

Kommentarer