This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=3&feed=rss2

Årets statsbudsjett imponerar verken rektor eller studentar. Fleire håpa på 11 månaders studiestøtte, men fekk heller 172 kr ekstra å rutte med i månaden. Den totale auka på studiestøtta er frå 90 800 kr til 92 500.

Tine Blomfeldt sit i landsstyret i Norges Studentorganisasjon, og er særleg skuffa over den manglande satsinga på heiltidsstudenten.

– Heiltidsstudenten ligg etter lang tids sjukeleie for døden. Eg vurderar å bruke mine ekstra studiekroner på gravøl, seier ho.

 

Ho legg til at satsing på 1000 nye studentbustadar på landsbasis er vel og bra, men langt i frå nok.

– Om antall studentbustadar skal auke I dette tempoet vil det gå 16 år før vi når målet på 20% bustaddekning, det er ikkje haldbart, seier Blomfeldt.

Rektor meinar at bevilginga på 2,6 milliardar gjev lite rom for nysatsing for Universitetet.

-Tala frå statsbudsjettet kom ikkje som nokon overraskelse, men gjev heller ingen grunn til begeistring, seier rektor Sigmund Grønmo, som er budd på eit år med stramme økonomiske rammer.

Kommentarer