This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=3&feed=rss2

Tirsdag 16.august var det duka for opningsseremoni for eit nytt studieår ved Universitetet i Bergen. Rektor ved UiB, Sigmund Grønmo var imponert over oppmøtet og nevnte blant anna i talen sin at ein grad ved UiB blir stadig meir verdifull. Fire tusen nye studentar har funne vegen til Bergen, og sidan fjoråret har 109 nye studieplassar blitt oppretta. Det har vore ei stadig auke i studieplassar ved UiB dei siste åra, og leiar i Studentparlamentet, Tine Blomfeldt fryktar det kan få konsekvensar for studiekvaliteten. Dette er Grønmo einig i, men seier Universtietet vil gjere sitt beste for å oppretthalde kvaliteten.

Før og etter seremonien var det studenttorg i Studentsenteret, der hundrevis av nye studentar meldte seg inn i ulike studentorganisasjonar og idrettar.

 

Vil du jobbe i StudentTV? Send søknad her.

Har du tips til saker vi kan lage? Send det på mail da vel! :-)

 

Kommentarer