This text will be replacedhttp://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Dei fleste av oss ynskjer å oppretthalde ein sunn livsstil, men det er få som hugser på å kombinere trening, ernæring og søvn.

Tren mest mogeleg effektivt

Ida Hovland Rydningen er personleg trenar og online coach ved Bergen PT senter.

— Mitt beste tips til å få tid til trening i ein travel kvardag, er å ikkje undervurdere kvardagsaktiviteten. Gå av bussen nokre stopp før du skal av eller utnytt treningsappar heime. Eit anna godt tips er å leggje inn treningsøkta før skule eller jobb. Då får du ein frisk start på dagen og sit igjen med meir energi.

Rydningen meiner studentar som vil vedlikehalde formen sin bør trene 2-3 dagar i veka. Dersom ein har meir erfaring eller høgare målsetnadar bør ein auke til 3-5 dagar i veka. Ho understrekar også at det er viktig med kviledagar.

— Finn ein aktivitet av høg intensitet slik at du får opp pulsen og trener hjertet. Tenk på funksjonelle øvingar for å trene mest mogeleg effektivt, som til dømes knebøy, markløft og pullups. Ved bruk av supersett trener ein både overdel og underdel, og treng dermed ikkje å bruke så mykje tid på pausar mellom setta.

Ho fortel vidare at det er viktig å akseptere at motivasjonen ikkje kan vere på topp heile tida, men understrekar at ein framleis bør reise på trening. Då vil lysten som oftast komme etter kvart som ein gjennomfører økta.

— Tenk enkelt

Anne-Kari Vangen er ernæringsfagarbeider ved Bergen Sports Medicine & Rehabilitation og har bachelorgrad i ernæring.

— Et sunt kosthald vil seie å kunne ete variert og balansert slik at man får dei næringsstoffa kroppen treng for å kunne fungere optimalt. Då held du deg frisk samt forebygger eventuelle sjukdommar. Du får også nok energi til å gjennomføre oppgåvene du står ovanfor i løpet av dagen.

Vidare understrekar ho viktigheita av å tenke enkelt.

— Begynn med det store bildet. Øk inntaket av frukt og grønt. Bytt ut lyst brød med grovbrød, lys pasta med fullkornspasta, kjøttdeig med karbonadedeig.

Ho understrekar at eit kosthald skal vare livet ut, og at nokre veker på ein streng fitnessdiett ikkje er haldbart over lengre tid.

— Veldig mange går for hardt ut. Finn deg eit kosthald du trivast med. Då blir livskvaliteten betre også.

Vangen anbefaler å sjekke Helsedirektoratet sine nettsider for fleire råd og anbefalingar når det kjem til kosthald.

Søvn like viktig som trening og kost

Torhild Pedersen er stipendiat ved Bergen Stress and Sleep Group. Ho fortel at søvn er svært viktig for hukommelsen.

— Når vi søv hjelper hjernen oss til å hugse det vi har lært i løpet av dagen. Det skjer ein slags rensning i hjernen der avfallsstoff som dannast i løpet av dagen blir vasket vekk og kommunikasjonen mellom hjernecellene blir betre.

Pedersen fortel at det for vaksne menneske er anbefalt å sove mellom 7 til 8 timer per natt. Ho forklarer vidare at det er større sjanse for å sovne tidlegare dersom ein har det mørkt i rommet, unngår aktivering om kvelden og passar på ein grei romtemperatur.

— I dagens samfunn eksponerast vi for lys om kvelden. Lys er aktiverande for hjernen vår. Dersom vi får for mykje lys, sovnar vi seinare og søv dårlegare. Det er også viktig å roe ned før ein skal leggje seg. Ein bør også unngå koffeinholdige drikker og alkohol. Man søv gjerne ganske lett dersom man drikk alkohol, men man søv dårlegare samt vaknar tidlegare.

Kommentarer