This text will be replacedhttps://bstv.no/?cat=1&feed=rss2

Undersøkelsar viser at stadig fleire studentar tek lange og tunge utdanningar, og over halvparten av desse studentane er kvinner. Når studietida er over og studentane skal finne seg jobb, er det allikavel flest menn som får gode stillingar. Vi har undersøkt kvifor det er slik.

Den engasjerte samfunnsdebattanten Thorstein Selvik peikar spesielt på forhold som heng igjen frå tidligare generasjonar som bakgrunn for at det er fleire menn i toppstillingar.

– Vi som økonomar kallar det for ”overheng”. Det er noko som heng igjen frå tidligare generasjonar og tider. Folk står gjerne i ei stilling ganske mange år før dei blir erstatta […] Det har også noko å gjere med likestilling, eller mangel på likestilling i heimen. Menn har kanskje meir fridom og har kanskje større ambisjonar pågrunn av at dei kan ha det, enn kvinner som føler på ein dobbeltarbeidende situasjon som er veldig pressande og vanskeleg.

Ordføraren blir forskjellsbehandla

Ordførar i Bergen, Marte Mjøs Persen, er sjølv ei kvinne som har gjort ei god karriere og nådd langt. Men ho har personleg fått erfare at arbeidsforholda ikkje alltid er dei same for kvinner som dei er for menn.

– Eg merkar jo at det er nokon strukturar og hersketeknikkar eg som kvinne blir møtt med som ikkje mine mannlege kollegaer blir møtt med […] Og til dømes er det slik at veldig ofte når eg blir intervjua av journalistar så er veldig mange opptekne av korleis eg klarar å kombinere jobben med min familie. Det er ganske kjent at eg har trillingar som er fire år, og det blir veldig mange uhyre imponert over, men eg tvilar sterkt på at mine mannlege kollegaer rundt omkring i landet blir konfrontert med, nesten på ukentlig basis, korleis dei klarar å kombinere familie og jobb.

Ta høg utdanning!

Ordførar Mjøs Persen meinar at gamle tradisjonar og verkemiddel hindrar moglegheitene for ei heilt likestilt rekruttering, men allikavel ser ho ingen grunn til at studentar generelt, og kvinner spesielt skal frykte å ta dei høgste utdanningane.

– Samfunnet treng i framtida enda fleire mennesker med høgare utdanning, så det å ta høg utdanning trur eg er ”bankers” nesten uansett, både om du er mann eller kvinne, men kvinner treng virkeleg ikkje å frykte det!

 

Kommentarer